tysdag 5. april 2011

DLD vedteke på Suppetinget! Eit Hallelujah for dei norske styresmaktene.

I går vedtok stortinget å innføra EU's Datalagringsdirektiv (Data Retention Directive) i Noreg.
Eg prøvde å følgje debatten på stortinget sitt Nett-TV, men grunna den humpete traktorvegen eg nyttar når eg skal på internett (NextNet) vart det heller ordknapt og stotrande, eg fekk helst meir utor twitter-straumen istaden.

Men, det litle eg såg frå stortinget var ikkje mykje til syn. Og eg undrast - er det slik kvar debatt på tinget ter seg?
Her var ikkje mykje spor av korkje rasjonell debatt, eller folkestyre. Det var allereie klart frå første ordet - her var slutninga teke lenge før nokon tok til å snakka til "Kjære President", og heile den utruleg lange debatten vart av den grunn ikkje meir enn eit teaterstykkje for folk med alt for lite å gjere.


Til å skulle representera folket - og kvar mann eller kvinne på tinget taler jamt over for 15,000 nordmenn med stemmerett - må ein kunne forvente betre enn dette!
  • At når eit spørsmål vert stilt, så svarar ein på det, og ikkje vrir seg unna. Og om ein vrir seg unna, må ordstyraren, stortingspresidenten eller liknande, ha vit og autoritet til å ikkje la talaren sleppe før spørsmålet er svara på!
  • At representantane følgjer spelereglane, og ikkje stiller spørsmål til eige side i saka (Ap<->Høgre), slik at den andre sida ikkje slepp til!
  • At representantane ikkje nyttar Nytale som retorisk grep, og omdefinerer ordtydningar for slik å skape dei "rette" assosiasjonane - eller motvirke at ein får "feil" assosiasjonar - for sitt syn. Kall ei spade for ei spade.
    Ord som overvakning og personvern har til dømes av stortingsfleirtalet vorte maltraktert til ei gjødselsuppe vanskeleg å skilja frå fordøyeleg vare - om det ikkje var for den ringe lukta!
  • At representantane taler sant og rettvist - og så langt det lèt seg gjer, sørger for tilstrekkjeleg kunnskap om det dei taler om. Mangel på kunnskap er ikkje lovleg unnskuldning for dei som skal styra landet!

Så til neste val - stem ut suppetinget!
I valet mellom å stemme eller ikkje, syner DLD-debatten at Kolerakamelen er langt å føretrekkje framfor Svartedauden. Dei viste seg òg fram i går, dei gode, fornuftige menneskja på tinget, med ein ryggrad sterkare enn maktrefleksane som ligg i oss alle, og som difor duger godt i jobben sin som Folkerepresentantar.

Frp, KrF, Sp, SV og Venstre stemte alle mot DLD. Bra!
Av desse har til overmål Venstre òg det framifrå prinsippet at dei (stort sett) vil la folk leva i fred. Men det er ei annan soge...