Viser innlegg med etiketten Arne Garborg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Arne Garborg. Vis alle innlegg

tysdag 25. januar 2011

Arne Garborg - ordkunstnar, fritenkjar og anarkist: Til lukke med dagen!

I dag vert det 160 år sidan Arne Garborg vart fødd.

Merkelappen anarkist er ikkje ein han sjølv brukte offentleg, og det med god grunn. Kan hende det er like så kontroversielt til og med i dag å bruka dette ordet? Samstundes kan det ikkje seiast mykje klårare enn med Garborg sine eigne ord:
Jeg er ikke venstremand forresten; jeg er nok det, som værre er.
(Hvorfor jeg er venstremand)

Denne haldninga til begrepet anarkistar delte han med Leo Tolstoj, i lag med mykje anna tankegods. Sjølv om Tolstoj ikkje lika dei negative assosiasjonane ordet gav - og framleis gjev hjå dei fleste - vart han kjend som far til kristenanarkismen, og nybrotstankane hans om ikkjevald fekk stor påverknad, ikkje berre for Gandhi og den pasifistiske rørsla, men og for den sekulære, ikkjevaldelege anarkismen ein finn i dag. (Unntak til dette finst sjølvsagt)

Ein skal ikkje lesa mange av Garborg sine over to tusen innlegg i samfunnsdebatten før ein skjøner at han fulgte godt med dei "fårlege" tenkjarane i tida - Bakunin, Kropotkin, Nietzsche, Jæger og Tolstoj for å nemna nokre. I mangt gjev han dei òg rett.


Uansett kva merkelapp ein vel å bruka, Arne Garborg var ikkje ein som var redd for å seia kva han meinte. Han turde å snu kvar ein stein, kor heilag eller grunnleggjande den enn måtte synast. Han tala maktstrukturane midt imot, anten det gjaldt kulturmakt, statsmakt eller religionsmakt.
Han skreiv dampande innlegg til forsvar for Nietzsche. Han hevda at Kristusfiguren kyrkja og kristendomen har skapt, er ikkje mindre enn Antikrist i høve til den Jesus som lærde i Galilea for to tusen år sidan. Og om nasjonaldiktaren sa han:

"Det er tri ting eg må le åt: når grisen vil læra hesten å tråva, når sauen held fyredag um det sanne mod, og når Bjørnstjerne Bjørnson talar um - tolerance."
(1896)

Kvar er Arne Garborg si uredde stemme i dag? Den norske samfunnsdebatten tykkjest fattig utan.

søndag 23. januar 2011

Arne Garborg om Tolstoj

Leo Tolstoi var uppimot 50 år gamal, og hadde alt som eit mannsbån kan ynskje seg: helsa og kraft, rikdom og gods, hus og heim, gilde bån, og ei kona han heldt av, dertil æra og ros, adeleg rang, og eit diktarnamn som nådde ut yver all heimen. Og dette diktarnamnet var so ærleg fortent som det kunde vera. Han stod og stend som ein av dei alra fyrste i si tid; bøker som "Krig og Fred", "Kosakkarne" og "Anna Karénin" er framifrå i si storlagde ro, sit djupe sjølveigne syn, si hugtakande magt og si rike livsrøynd.

Men denne sæle mannen, som eig alt det jordi kan bjoda av gildt og godt, han gjeng der på herregarden sin og må agta seg, kvar gong han ser tòg elder reip, og tor kje taka byrsa med seg, når han gjeng i skogen; - han er rædd han kunde koma til å gjera ende på seg.
Kva var der i vegen?

Der var det i vegen, at han hadde teke til å tenkja yver livet sit. Kva levde han etter? Kva meining elder mål var der i livet hans? Kva skulde alt dette føra til? Var det anna en jugl og juks alt i hop? Og når han ein dag skulde døy, vilde det so vera nokon ting att av det heile?

Han fann kje svar på desse spursmåli. Og livet vart so tomt for honom, at han ikkje forstod kva han skulde med det lenger.

Med fin, men djup spott skriv han um det nye lyvssynet han laga seg no, etter det han høyrde fyre seg. Det var "utviklingi", "framgangen" han med dei andre trudde på. Og framgangen vart halden uppe av tenkjarar og diktarar; diktaren var lærar. Altso var Tolstoi sjølv ein av dei som heldt framgangen uppe, ja ein av dei fremste lærarar. Men at no ikkje det rimelege spursmålet skulde vakna: kva veit me, som me kan læra folket? - vart den setningen fastslegen, at diktaren turvte kje bry seg um dette; han hadde den sergåva, at han gav lærdom og visste kje sjølv um det. "Og eg dreiv på", seier Tolstoi, "å skriva og læra, og visste kje kva eg lærde."

Det gamle spursmålet um livet og livsens meining braut seg no innpå honom frå andre kantar. Det viste seg, at han, som trudde seg lærar for folket, ja for verdi, han visste kje kva han skulde læra sine eigne bån. Og hadde ingen tanke um, kva han i grunnen sjølv levde fyre. Dette kom att gong på gong, og tok honom sterkare og sterkare. Ei vonløyse kom yver honom; kvar gong han såg, kor rådlaus han i grunnen stod, var det som livet stansa for honom; han visste kje kva han skulde ta seg fyre elder tenkja.

Alt han hadde fare med og fór med, vart innhaldslaust og tomt. Det var skravl og skryt og ord og ingenting. Det førde ingenstad av.

"Framgangen?" Kor vilde me tala um framgang, når me ikkje visste kor det bar av? - I morgo kom dauden, og alt vårt verk og all vår vinning vart til makk og stank og ein tom ljod. Tenkjarane visste ingen ting. Frå Salomon til Schopenhauer song dei den same song: alt er fåfengd og ånds fortæring.

Livet var ei pretta dei hadde gjort honom, eit stygd og tåpeleg skalkestykke han gjekk narr fyre, inkje noko var der, som gav det verde elder mål. Det rauk sund i henderne på honom; di meir han tenkte, di mindre forstod han. Det store inkjevettta vart svaret på alt.
Det var i den tidi han måtte halde snøre og reip burte frå soverommet sit, og ikkje torde taka byrsa med, når han gjekk i skogen.


Han såg på folket, som gjekk der og stræva og sleit og sakna og leid vondt. Det hadde ingen ting av det som me kalla gildt elder hugnadsamt. Og endå levde det, og vilde leva. Det sette pris på livet. Um det kanskje i alt sit einfelde hadde ein visdom som me opplyste og alle våre store tenkjarar ikkje visste um? - Leo Tolstoi kom til det, at når han vilde spyrja um livsens meining, so burde han ikkje gå til dei som vilde gjera ende på seg; han burde gå til dei som levde og fann at det var verdt å leva. Kan henda han der kunne finna eit svar. Han gjorde so. Og han fann, at det som gjorde livet levande for ålmenn mann, det var just det som me trudde var livsens verste våbøn og tyngd: - arbeidet.
Det "simple" arbeidet. Arbeidet for maten. Det arbeidet som i kav for tilværet skapar livet og held uppe livet, med di det skapar livsvilkåri for alle. Det arbeidet som gjev mat og klæde og hus og hjelp til alle som treng, ikkje minst til os dagdrivarar av "upplyste", som gjeng her og vil hengja os, for di me ikkje veit kva me skal gjera med livet vårt. Det arbeidet var det som gav livet innhald og smak; som gjorde livet levande.
Men ikkje arbeidet åleine kunde gjeva livet den høgste og siste forklåring. Ein annan ting lærde Tolstoi av "den simple mann", og det var den, at livet måtte få si forklåring av trui. Den var det som i djupaste grunnen gjorde livet umaken verdt.


Me skal her til sist i stutte drag samla Tolstoi's tankar um den rette måten å leva livet på. Han kallar det elles ikkje sine tankar: det er Jesu lære, elder den sanne kristendom, han meiner han hev funne fram att.
1. Me skal ikkje gjera det vonde. Altso må kvart menneskje arbeida, so han føder seg sjølv. Og ingen må bruka meir en han treng; for då stél han og ifrå andre.
Det vonde (uretten imot andre, det å bruka annan manns arbeid) er framsynt i pengarne, som altso er den kropsleggjorde synd. Den som brukar pengar, brukar framandt arbeid, syndar. Di mindre ein hev med pengar å gjera, di betre er det då. Ikkje ein gong til å hjelpa andre med skal ein bruke pengar. Med vondt kan ein ikkje gjere godt. Den som fær pengar, fær smak på å leva av framandt arbeid, vert utskjemd. Ein skal skifta sin mat med den fatige, skaffa dei klæde, hus, jord, arbeid, um ein kan; men med pengar fylgjer det alltid vondt: pengar er storkna manneblod; det heng mord ved pengar.

Til det vonde me må avleggja, høyrer og hât, kiv ovund og hemnsjuke. Me må ingen fornærma. Og vert me sjølve fornærma, må me ikkje "forsvara" os, men bøta vondt med godt. Av hemn, som i det heile av "motstand mot det vonde", kjem berre meir vondt; men den som svarar på vondt med godt, han stansar det vonde, ja vinn ofte sin motmann for det gode, gjer godt.

At all krig, tilmed forsvarskrig, soleis vert fordømd, er sjølvsagt.
Som me ikkje skal utnytta andre, so skal me helder ikkje vilja herska yver dei. Hermed ryk staten.

2. Me skal gjera det gode, d.v.s. elska næsten. "Elska" vil i Jesu munn seia: gjera vel imot, d.e. gjera vel utan å vente takk elder løn, gjera vel for hans, for Guds, for si eigi skuld.
Altso: alt me kan gjera utyver det som trengst til vårt eige upphelde, det skal me bruka til hjelp for andre som treng, våre nærmaste og kven me elles finn i vande. Um desse er "verdige" elder "uverdige" kjem oss ikkje ved. Er dei verdige, so er det godt; er dei uverdige, so vil kjærleg og vyrdsam hjelp vera det einaste som kan få det gode upp i dei og frelsa dei.

Der kjærleik rår, fell "retten" burt; sakførsel og strid er av det vonde. Likso lite vert det tale um å døma elder straffa kvarandre; dom og hemn høyrer Gud åleine til. Med kjærleik, d.v.s. med godviljug hjelp og rettleiing, skal me svara endå på udåds verk; det er ikkje åleine rett, men og "praktisk": det er den einaste måten å hindra slike verk på, den einaste måten til å få bròtsmannen på betre vegar.

Me ser lett, at um me kunde tenkja os desse tankarne gjennomførde, so vilde verdi vera so heilt umsnudd, at alle andre "umveltningar" som hev vore elder er påtenkte, vert barneleik og ingenting imot den. Det vart ei umveltning heilt ifrå grunnarna. Og endå vilde ho gå for seg utan bråk elder blod, - når me då ikkje vil tru, at verdi kom til å reisa seg mot desse nye "Galilæarar" med forfylgjingar.

(Arne Garborg, 1896)



Arne Garborg skreiv mykje om Leo Tolstoj, desse utdraga er henta frå "Leo Tolstoi's kristendom", og er for det meste ei gjenforteljing frå "Skriftemål" og perioden rundt, og ikkje så mykje om den livstrua han bygde seg etter.

I mangt kom Garborg etter kvart fram til det same synet, noko ein klårt kan lese i "Jesus Messias" og anna han skreiv frå 1905 og framover, om enn Garborg var hakket meir jordnær og interessert i samfunnspraktiske spørsmål som eigedomsrett.

Garborg syner fleire stader å ha lese ikkje berre romanane og dei filosofisk-religiøse skriftene åt Tolstoj, men og fulgt godt med på artiklar o.a. som kom på trykk i samtida.

Eg trur nok at ordet "Me må ingen fornærma" tydde noko meir alvorleg for Garborg i 1896 enn det gjer for oss i dag. Ei moderne lesing av å ikkje skulle fornærma slik me bruker ordet i dag, er vanskeleg å finne i Tolstoj sine skrifter.

onsdag 19. januar 2011

Arne Garborg: Hvorfor jeg er venstremand (1892)

Jeg er ikke venstremand forresten; jeg er nok det, som værre er.
Men jeg stemmer med venstre, og jeg gjør det, fordi jeg ialfald ikke vil stemme med høire; fordi jeg endnu mindre vil stemme med de mådeholdne; fordi venstre vil ha norske udenrigsgreier; fordi det synes at beflitte sig på grei politik, og fordi jeg håber, det vil nedsætte tolden på sukker, så vi kan få spise så meget syltede tyttebær som vi vil her oppe i Kolbotnen.

(Arne Garborg, 1892)

Artig korleis hundreårgamle politiske synsingar kan vera aktuelle endå i dag. Kan berre seia meg hjartans enig!
Eg har til og med ein like egoistisk parallell til sukkertoll-saka - økte alkoholgrenser for sal direkte frå gard, slik at eg kan selje Ryfylkekvitvin frå garden når eg blir stor. :)

tysdag 18. januar 2011

Arne Garborg: Kva er "humanitet"? (1881)

Når eg hev vyrdnad og medhug for det, som er godt og ærlegt, det være litet eller stort; når eg hev sans og syn for det som er fagert, sannt og naturlegt; når eg forstend og dømer rettfærdigt um alt det, som menn kan gjera, tenkja elder lida, det vere no godt elder vondt, - det er humanitet.

Når ein mann er i naud, og eg hjelper han, og hjelper han på ein slik måte, at han kann taka imot hjelpi utan å kjenne seg skjemd elder bøygd; når ein mann hev andre meiningar enn eg, og eg forstend hans standpunkt, og forstend, at han kann elder hava det standpunktet, men eg vyrder mannen like fullt, og er imot han som imot alle andre, - det er humanitet.

Når eg hev tilføre til å gjera eit låkt elder vondt verk, som eg kunde hava stor vinning av, og som eg visste at eg kunde gjera utan at nokon i verdi fekk vita det, men eg likevæl ikkje kann gjera det, fordi eg kjenner meg sjølv, at det ikkje er ærlegt; når eg ser ein mann, som fer stygt elder galet åt, elder er ein skarv elder ein brotsmann, og eg likevæl dømer han mildt, fordi eg forstend korleids han kann koma til å fara slik, - det er humanitet.

Når eg er likso glad i det, som kann hjelpa andre fram i vælvære, mannsverd, upplysning, folkeskikk, - likso glad i det, som i min eigen bate og eg altso fylgjer med i det ålmenne samfundslivet og kanskje arbeider med i det, og so vidt som eg kann, - det er humanitet.

Når eg i alle ting held fast på min fulle og ærlege rett, men samstundes fullt ut vyrder andres rett og aldri brukar vald mot verjelause; når eg til vernd for meg sjølv og andre fører krig mot alt, som er vondt, stygt elder fårlegt, so at dei vonde magterne ingen skade fær gjort, korkje på fe elder folk, korkje på land eller åndsutvikling, - det er humanitet.

Når eg liver fullt og sannt med i det store ålmenne mannslivet og steller meg so, som det sømer seg menn å stella seg, - det er i ein sum humaniteten.

For å kunna vera i full meining human, må eg hava daning. Eg må vita det, som menn bør vita: eg må kjenna dei store natur- og livs- og samfundslogjerne; - då fyrst kann eg nå upp til den fulle forståelse av meg sjølv og andre, som er humanitetens grunlag.

Råskapen forstend ikkje so mykje at han kann vera human. Råskapen bryr seg berre um seg sjølv, grev berre til seg sjølv, og trur, at han skal vinna mest med det både strakst og i lengdi, er like sæl um alt samfundsliv og åndsliv, dømer og fordømer alle framande meiningar og alle, som ikkje "er som folk flest", hatar dei, som lid naud, fordi dei "er til mein for andre", harmar seg yver alle krav på framgang og utvikling, fordi framgang og utvikling kostar pengar og arbeid. -

Det er ikkje fritt for, at me kjenner litt til råskapen - den kjoleklædde som den kufteklædde - her i landet og!

(Arne Garborg, 1881)