måndag 17. januar 2011

Anarkisme og trua på mennesket (Mutual Aid)

Har anarkismen for høg tru på det gode i mennesket?

Det er vanskeleg å ikkje ha det - om ein ser rundt seg, medmenneske som dagleg gjev uforpliktande hjelp til andre utan å ha noko direkte igjen for det anna enn godvilje; Trass i rigide lovverk, undertrykkjande styresett, fattigdom, svolt eller andre ytre tilhøve. Og om ein les forskaren Kropotkin sitt verk "Mutual Aid: A Factor of Evolution" kan ein følgje denne linja gjennom heile historia - ei forteljing om menneske (og andre dyreartar) si evne til å overleva, trass imot alle odds, nettopp på grunn av evnene til å stå saman og gje gjensidig hjelp - snarare enn innbyrdes kamp, som ein av dei kanskje viktigaste faktorane i utviklingslæra.

Å tru på mennesket si evne til å ta vare på seg sjølve og omverda, er difor ikkje idealisme - men ei stadfestjing av slik menneskenaturen er, sjølv under motstridande ytre tilhøve.

Det er heller ikkje berre altruisme - kvart eit individ har eigeninteresse av å føra arten vidare; Døyr arten min ut i mitt nærmiljø, døyr ganske sikkert òg eg. Nyare forskning peiker til og med mot at menneskehjernen har biologiske mekanismar (1) (2) som løner sjølve prosessen det er å samarbeide med andre - altså ikkje resultatet, men sjølve samarbeidet. Kvifor? Ein kan berre peike på kor talrik menneskerasen har vorte for å finna det sannsynlege svaret.


"Tit for tat" løner seg - mens:
"Auge for auge gjer heile verda blind."
(Gandhi)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar