tysdag 25. januar 2011

Arne Garborg - ordkunstnar, fritenkjar og anarkist: Til lukke med dagen!

I dag vert det 160 år sidan Arne Garborg vart fødd.

Merkelappen anarkist er ikkje ein han sjølv brukte offentleg, og det med god grunn. Kan hende det er like så kontroversielt til og med i dag å bruka dette ordet? Samstundes kan det ikkje seiast mykje klårare enn med Garborg sine eigne ord:
Jeg er ikke venstremand forresten; jeg er nok det, som værre er.
(Hvorfor jeg er venstremand)

Denne haldninga til begrepet anarkistar delte han med Leo Tolstoj, i lag med mykje anna tankegods. Sjølv om Tolstoj ikkje lika dei negative assosiasjonane ordet gav - og framleis gjev hjå dei fleste - vart han kjend som far til kristenanarkismen, og nybrotstankane hans om ikkjevald fekk stor påverknad, ikkje berre for Gandhi og den pasifistiske rørsla, men og for den sekulære, ikkjevaldelege anarkismen ein finn i dag. (Unntak til dette finst sjølvsagt)

Ein skal ikkje lesa mange av Garborg sine over to tusen innlegg i samfunnsdebatten før ein skjøner at han fulgte godt med dei "fårlege" tenkjarane i tida - Bakunin, Kropotkin, Nietzsche, Jæger og Tolstoj for å nemna nokre. I mangt gjev han dei òg rett.


Uansett kva merkelapp ein vel å bruka, Arne Garborg var ikkje ein som var redd for å seia kva han meinte. Han turde å snu kvar ein stein, kor heilag eller grunnleggjande den enn måtte synast. Han tala maktstrukturane midt imot, anten det gjaldt kulturmakt, statsmakt eller religionsmakt.
Han skreiv dampande innlegg til forsvar for Nietzsche. Han hevda at Kristusfiguren kyrkja og kristendomen har skapt, er ikkje mindre enn Antikrist i høve til den Jesus som lærde i Galilea for to tusen år sidan. Og om nasjonaldiktaren sa han:

"Det er tri ting eg må le åt: når grisen vil læra hesten å tråva, når sauen held fyredag um det sanne mod, og når Bjørnstjerne Bjørnson talar um - tolerance."
(1896)

Kvar er Arne Garborg si uredde stemme i dag? Den norske samfunnsdebatten tykkjest fattig utan.

1 kommentar:

  1. Det er meg ei gleda å lesa eit soleis framifrå innlegg um 'om Garborg. De er ei onnor, kann hende mindre diskutera sida åt Garborg — og de er de språklege nybrotsarbeide han gjorde. Midlandsnormalen hans vart nytta av millom anna Olav Duun, og gjorde meir enn sitt for å få de austnorske inn i nynorsken. Når den nye nynorsknormi no kjem i «tjuge-ølløv», mister vi både i-måle (soli, alle problemi) og i-supinumen (vori, funni). Soleis er yvi hundrad år med klår austnorsk dåm vortne eit uppgjort kapittel. Det er ikkje råd for å verta liti grinin for slikt. Garborg (og Aasen sjølv) bygde skrifti på dei fatige fjellbøndene og gav deim soleis noko å vera stolte tå. Det var og er ein fin, um enn radikal tanke.

    (Eg skriv på midlandsnormal her, i høve detta jubileumet som er.)

    SvarSlett