fredag 28. januar 2011

Konservativisme og framtidstru, Bakunin & Jesus

Var alt verkeleg betre før?

Om ein trur folkerøysta, der ho ligg i vinden og kviskrar: "- Det viktigaste er, å verne om det me har!"
Framande stèl,
ungdommen villare,
resten galnare,
alt vert dyrare og
køane lengre.
Slik ser menneskjevitet gjennom speglet baketter.
Men byggjer ein nytt av berre å spikka gamle skuggar?


Om ein kunne vekkja og spørja ein av dei som har fòre før, korleis ein skulle èsla livet sitt? Kva ville han svara; "- Gjer du som eg; korkje meir eller mindre, og det skal gå deg vèl", eller: "- Sjå no endeleg på livet mitt og alle mistak der var, så du kan gjera det betre!"


Om ein høyrer på dei revolusjonære, som ropar: "- Kast det gamle på bålet, og sjå deg ikkje tilbake!":
  History then appears to us as the revolutionary negation, now slow, apathetic, sluggish, now passionate and powerful, of the past. [..]
  Man, a wild beast, cousin of the gorilla, has emerged from the profound darkness of animal instinct into the light of the mind, which explains in a wholly natural way all his past mistakes and partially consoles us for his present errors. He has gone out from animal slavery, and passing through divine slavery, a temporary condition between his animality and his humanity, he is now marching on to the conquest and realization of human liberty.

  Whence it results that the antiquity of a belief, of an idea, far from proving anything in its favor, ought, on the contrary, to lead us to suspect it. For behind us is our animality and before us our humanity ; human light, the only thing that can warm us and enlighten us, the only thing that can emancipate us, give us dignity, freedom, and happiness, and realize fraternity among us, is never at the beginning, but relatively to the epoch in which we live, always at the end of history. Let us, then, never look back, let us look ever forward; For forward is our sunlight, forward our salvation.

(Bakunin, God and the State, 1876)

Frå mørkret til lyset, dyr til menneskje - ei naturgjeven progresjon, som skjer anten me vil eller ikkje. Dèt er framtidstru!
Og her er mykje rett, men om kvar nye slekt skulle kaste alt frå den førre, ville me vel ikkje kome så langt vidare heller? Kanskje er litt av båe rett.

Om ein les i Bibelen, talar Jesus i ei likning om ein konge som gjev tenarane sine noko rikdom før han fèr. Etter ei tid kjem han tilbake, og vil høyra korleis dei har stelt seg med det dei vart gjeve. Ein har gjort ti pund av det eine, den andre fem, mens den tredje har vore så redd for å mista det eine - at han gøymde det bort.
Bodet frå kongen vert så; Ta det eine frå han som inkje turde, og gjev til han som har mest!

Kan det seiast klårare, at om ein er så redd for å mista det ein allereie har, at ein ikkje vågar anna enn å klengja seg fast ved det - så er dèt det same som å skusle det bort?

Om det finnst eit grann sanning i desse tankane, om det skulle visa seg, at sjølv fortida taggar oss om å sjå framover heller enn baketter; Om det kjende kjennest aldri så trygt, kan ein forsvara det å vilje konservera, framfor det å skapa noko nytt?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar