måndag 17. januar 2011

Om ein pragmatisk anarkist og det liberale fleirtalsstyre

Det kan synast ikkje berre fåfengd, men beint fram forkasteleg, å ville byggja ned den flottaste, finaste, mest velfungerande demokratiske, rettsstaten Noreg.

Og det meiner eg òg det er, om nokon i ei vending skulle kasta han ut, og erstatta med "inkjevetta". Kvar ein medviten humanist og anarkist burde kjempa imot ein slik idè - om ikkje med nebb og klør, så med munn og ord.

Anarkisme handler om humanisme - Mennesket i sentrum, som sjølvrådande, moralsk individ, med rett, vilje og kapabilitet til å ta rettvise avgjerder som vedgår seg sjølv og sine næraste.

Men så er det med ansvar som med moral - ein vert ikkje født som moralsk, tenkjande menneske, det er ei indre reise som ikkje sluttar før kroppen ligg under torva. Er ein stengd inne med grenser som brått vert rivne bort, er det ein menneskeleg refleks å utforska det nye rommet - og demonstrativt trampa ekstra hardt over når ein endeleg har anledning. Det grenselause mennesket er ikkje lukkeleg - verken i psykologien eller det sosiale.

Jamfør røvarbandane som no herjar i Tunisia - ein reaksjon historia syner er regelen - ikkje unntaket, ved kvart eit slikt høve kor lov og rett vert opprykka og erstatta med tomrom. Kanskje ville det vorte annleis i vår kultur - men om det ville vore betre eller verre, trur eg ikkje nokon har rett å ta sjansen på.


Tek ein vekk mennesker sin tryggleik, handlar det ikkje lenger om humanitet eller sjølvstyre, men det motsette - valdsmakt og den sterkaste sin rett, alle i krig mot alle.


Kan ein av den grunn reinvaske vårt norske fleirtallsstyre som perfekt og rettvist, praktisk som moralsk? Langt i frå! Og eg trur einkvan liberaldemokrat kan vera samd i dette - det finst mange stader i landet Noreg ein kan opna opp og lufta demokratiske prosessar, reglar og lovverk; Slik at ein gjev større fridom og ansvar til kvart enkelt menneske, utan at ein går på akkord med nokon sin grunnleggjande tryggleik eller andre menneskerettar.

Det ligg òg i den liberaldemokratiske tradisjonen å minska dei negative effektane av demokratiet - "fleirtalsdiktaturet", i så stor grad som mogleg. Men kan ein heilt fjerne desse problematiske sonene frå samfunnsetikken, innanfor desse rammene? Sjølv det mest liberale demokratiet i dag har ikkje ei god løysing på situasjonar der fleirtalet - på vegne av heile folket - tek avgjerder som anten er grunnleggjande umoralske, eller som får negative konsekvensar for eit mindretal.

Vert statsmakta sine handlingar meir moralsk eller etisk forsvarleg av di det er folket - eller fleirtalet, si vilje?
Verdshistoria syner oss her òg eit heller mørkt bilete.
Dette er det demokratiske problem.


Eit veldig tidsaktuelt eksempel er Maria Amelie si sak, som symbol på eit breiare tema - asylpolitikk. Her har me eit stort, engasjert mindretal - og ikkje minst ei fleirtalsregjering, som klårt og tydeleg ser det bakvendt-etiske og menneskefiendtlege i avgjerda om å sende ho på dør.
Regjeringa vår har hjartet i klem, og likevel vaskar dei henda sine.

Kvifor? For folket har talt, og før det såg andletet til Maria i riksdekkjande media - var det brei støtte for at norsk asyl- og innvandringspolitikk skulle vera så streng som mogleg. Til og med det mest liberale partiet på tinget ville truleg sendt ho ut i løpet av 48 timar om ein berre hadde hatt nok ressursar.

Dette handlar ikkje berre om Maria, heller ikkje "berre" om alle dei andre mellom 3 og 32 tusen papirlause i Noreg, men òg om alle som er djupt ueinige i korleis desse medmenneska vert behandla. Dei av oss som har brukt sine demokratiske rettar, stemt og brent faklar, men som gjennom statsmakta allikevel ender opp med å finansiera og autorisèra politikk og handlingar ein meiner er uverdige og umoralske.


Om nokre vil seia resignert; Dette må me leva med.
Eg reiser heller svart flagg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar