tysdag 18. januar 2011

Arne Garborg: Kva er "humanitet"? (1881)

Når eg hev vyrdnad og medhug for det, som er godt og ærlegt, det være litet eller stort; når eg hev sans og syn for det som er fagert, sannt og naturlegt; når eg forstend og dømer rettfærdigt um alt det, som menn kan gjera, tenkja elder lida, det vere no godt elder vondt, - det er humanitet.

Når ein mann er i naud, og eg hjelper han, og hjelper han på ein slik måte, at han kann taka imot hjelpi utan å kjenne seg skjemd elder bøygd; når ein mann hev andre meiningar enn eg, og eg forstend hans standpunkt, og forstend, at han kann elder hava det standpunktet, men eg vyrder mannen like fullt, og er imot han som imot alle andre, - det er humanitet.

Når eg hev tilføre til å gjera eit låkt elder vondt verk, som eg kunde hava stor vinning av, og som eg visste at eg kunde gjera utan at nokon i verdi fekk vita det, men eg likevæl ikkje kann gjera det, fordi eg kjenner meg sjølv, at det ikkje er ærlegt; når eg ser ein mann, som fer stygt elder galet åt, elder er ein skarv elder ein brotsmann, og eg likevæl dømer han mildt, fordi eg forstend korleids han kann koma til å fara slik, - det er humanitet.

Når eg er likso glad i det, som kann hjelpa andre fram i vælvære, mannsverd, upplysning, folkeskikk, - likso glad i det, som i min eigen bate og eg altso fylgjer med i det ålmenne samfundslivet og kanskje arbeider med i det, og so vidt som eg kann, - det er humanitet.

Når eg i alle ting held fast på min fulle og ærlege rett, men samstundes fullt ut vyrder andres rett og aldri brukar vald mot verjelause; når eg til vernd for meg sjølv og andre fører krig mot alt, som er vondt, stygt elder fårlegt, so at dei vonde magterne ingen skade fær gjort, korkje på fe elder folk, korkje på land eller åndsutvikling, - det er humanitet.

Når eg liver fullt og sannt med i det store ålmenne mannslivet og steller meg so, som det sømer seg menn å stella seg, - det er i ein sum humaniteten.

For å kunna vera i full meining human, må eg hava daning. Eg må vita det, som menn bør vita: eg må kjenna dei store natur- og livs- og samfundslogjerne; - då fyrst kann eg nå upp til den fulle forståelse av meg sjølv og andre, som er humanitetens grunlag.

Råskapen forstend ikkje so mykje at han kann vera human. Råskapen bryr seg berre um seg sjølv, grev berre til seg sjølv, og trur, at han skal vinna mest med det både strakst og i lengdi, er like sæl um alt samfundsliv og åndsliv, dømer og fordømer alle framande meiningar og alle, som ikkje "er som folk flest", hatar dei, som lid naud, fordi dei "er til mein for andre", harmar seg yver alle krav på framgang og utvikling, fordi framgang og utvikling kostar pengar og arbeid. -

Det er ikkje fritt for, at me kjenner litt til råskapen - den kjoleklædde som den kufteklædde - her i landet og!

(Arne Garborg, 1881)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar