søndag 16. januar 2011

"To live is to resist"

Å leva er å gje motstand. Eg fann dette sitatet på verdsveven for ei stund sidan, i eit palestinsk dikt. I samanhengen hadde det sjølvsagt ei ytre, politisk meining - knytta til ikkjevaldeleg motstand, som er både sterkt og aktuell - men òg ei allmenn, indre meining, som er den eg vil fram til her.


Eg fann i desse orda ei kompakt, treffande oppsummering av "Wille zum Leben" (Schopenhauer), "Wille zur Macht"  (Nietzsche), Socrates sine siste ord om Livet og det å søkje Sanning i Faidon, Tolstoj sine tankar om historiske rørsler som summen av likeverdige, individuelle viljar.
Og mi eiga indre reise, frå "Eg må/bør/skal" til "Eg vil!".


Det kjentest difor rett å starte ein blogg med dette sitatet.
Å ytra seg er å gje motstand.
Å leva er å gje motstand.
Difor skriv eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar